Alkyonídesbukta (gresk Κόλπος Αλκυονίδων, Kólpos Alkyonídon), òg kalla Alkionidesbukta, er ei bukt lengst inn på nordsida av Korintbukta. Sundet er om lag 20 til 25 km langt og 20 km breitt. Det strekkjer seg frå Egósthena til Kapp Trákhilos frå aust til vest og frå Mikrá Stráva til Kapp Trakhilos frå nord til sør.
Det er tre periferieiningar som grensar til bukta, Korinthía i sør, Attikí i aust og Viotía i nord. Bortsett frå Mégarasletta i søraust er det fjell som ligg rundt bukta. Desse fjella er mellom anna Jeránia i sør, Patéras og Kitherónas i aust og Karámboli i nord. Av strender i bukta finn ein Mikrá Stráva, Stráva, Mavrolímni, Káto Alepokhóri, Egósthena, Alykí og Korínis.
Det går ingen ferjeruter i denne bukta. Alkyonídesøyane, ligg lengst vest. Desse øyane inkluderer Daskalió, Prasonísi og Zoodókhos Pigí. Fleire øyar, som Foniás og Makrónisos ligg heilt i nord. I nord ligg òg Kouvéli i Domvrénabukta.
Mindre bukter
Khinoúbukta, sør Psáthabukta, søraust Egósthenabukta, aust Livadóstrasbukta, nordaust Domvrénabukta, nordvest
Stader langs bukta
Sør: Mikrá Stráva Stráva Søraust: Mavrolímni Ejiroúses Káto Alepokhóri Aust: Egósthena Nordaust: Ájos Vasílios Nord: Kalamári Alykí Nordvest: Paralía Korínis
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Alkyonides Gulf» frå , den 17. august 2007.
Alkyonidesbukta Alkyonidesbukta Alkyonidesbukta Alkyonidesbukta