Åge Starheim () er ein norsk politikar som representerer FrP. Han vart vald inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane i 2005. Starheim vart då den første FrP-representanten som er vald på Stortinget frå Sogn og Fjordane. Starheim er formann i Selje og Sogn og Fjordane FrP.
Starheim har vore medlem av Selje kommunestyre sidan 1976 og var ordførar i Selje i perioden 1984–1989. Han representerte då Høgre.
Stortingskomitéar 2005 – 2009 medlem av Kommunal- og forvaltningskomitéen. 2005 – 2009 medlem av Valkomitéen.
Bakgrunnsstoff Stortinget - Biografi Framstegspartiet - Biografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane Kategori:Ordførarar i Selje Kategori:Høgreordførarar i Sogn og Fjordane Kategori:Folk frå Eid