Áskio (gresk Άσκιο) er ei fjellkjede vest i periferieininga Kozáni og i delar av Kastoriá i Hellas. Den høgaste toppen er 2 111 moh.
Fjellet er om lag 30 km frå nordvest til søraust og 15-20 km breitt frå sørvest til nordaust.
Skogar dominerer dei lågareliggande områda og inneheld furu og gran, medan dalar, grassletter og buskar, i tillegg til berre område, dominerer i høgareliggande område. Området rundt fjellet inneheld landsbyar, skogsvegar og turstiar.
Frå toppen kan ein sjå dei nordlege Píndosfjella i nord, inkludert Khásia, Týmfi, Smólikas og Grámmos, Vérmiofjella i aust og i det fjerne Ólymbos.
Næraste stader
Vlásti, nord Árdassa, nordaust Asvestópetra, nordaust Mavrodéndri, aust Kozáni, søraust Vateró, sør Alonákia, sørvest Skíti, sør Galatiní, sørvest Dryóvouno, vest
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Askio» frå , den 22. august 2007.
Askio Askio Askio