Levajok fjellkyrkje (Lævvajåga duoddargir’ko) ligg i Tanadalen i Polmak sokn i Indre Finnmark prosti. Levajok har vore preikestad frå gammalt av, ved at presten heldt husmøte på ettermiddagane nokre gonger i året. Frå 1962 var det ei fast høgmesse i Levajok for året. Desse gudstenestene vart heldt i heimen til Samuel Mikkelsen, ein av dei få fastbuande i Levajok, på den tida av året då reindriftssamane kom forbi. Gudstenestespråket var som oftast samisk.
I 1970 vedtok soknerådet i Polmak å reise ei fjellkyrkje på Levajok. Arbeidet vart i gjennomført med stor dugnadsinnsats og i hovudsak finansiert med lokalt innsamla middel. 19. august 1973 vart kyrkja vigsla av biskop Kristen Kyrre Bremer.
Kjelder: Vår kirke i nord Årbok for Hålogaland 1974: Kåre Kvammen: Levajok fjellkirke
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Tana Kategori:Kyrkjer i Indre Finnmark prosti Kategori:Kulturminne i Tana Kategori:Langkyrkjer i Nord-Hålogaland bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1973