mini|Kjevle av tre. Kjevle (av norrønt kefli) er ein reiskap som kan nyttast for å glatte ut deig. Det består av ein sylinderform valse med handtak. Ofte kan handtaka vera festa til ein aksel som går gjennom valsen, men kjevlet kan òg vera laga i eitt stykke. Kjevlet er oftest gjort av tre, men finst òg i stein, metall, porselen, plast og kombinasjonar av desse. Kjevlet vert rulla fleire gongar over deigen slik at deigen gradvis vert flatare og tynnare. Kjevle kan ha ei lengd på 30-40 cm, men kan også vera kortare. Diameteren kan vera om lag 8-12 cm på tjukke kjevle, og 2-3 cm på tynne pinnekjevle.
mini|venstre|Kokk bruker kjevle av stål. mini|Porselenskjevle. mini|Kjevle med handtak festa på eine sida. mini|Japanske kjevle i eitt stykke.
Bruk Kjevle kan brukast til baking av tynne kaker og brød og til botn eller lok i terter, paiar og pizza. Det er også brukt til å laga nudlar, pasta og annan fylt deig.
I eldre tider i Noreg var det vanleg at bakstekjerringar fór rundt på bygdene og baka flatbrød, lefse og andre brødvarer,Fredriksen, S., Takkebakst, www.heimbygda.no og det var vanleg at bakstekjerringa hadde med seg ei eller fleire av tenestejentene på garden. Når dei fyrst var i gang, var det vanleg at dei baka store stablar med flatbrød og anna brød som stod seg lengje. Bakstekjerringane hadde stor røynsle med å kjevla ut tynne deigar, og dei la ofte stor flid i arbeidet, for ikkje å «skjemma ut fingrane sine». Mange gardar hadde eit eige eldhus der bakinga gjekk føre seg.
Kjevletypar Det finst ulike typar kjevle:
Glatte kjevle, med ein heilt glatt sylinder, er ei utbreidd kjevleform.
Lefsekjevle har furer i rulleretninga.
Flatbrødkjevle har småruta mønster over heile rulleoverflata.
Knekkebrødkjevle eller kruskavel er eit kjevle som er særskilt laga for knekkebrødsbaking. Sylinderen er ikkje glatt, men har derimot knottar, for å skape det rette mønstret på knekkebrødet.
Mønsterkjevle er eit kjevle med overflate som ikkje er slett, men lagar eit mønster på flata som ein rullar over. Ein kan normalt berre rulle over ei gong for å lage eit avsett mønster. Desse kjevlene vart vanlegvis nytta vanlegast til kakedekorering. Desse kjevla blir til vanleg laga av plast.
Kjevle i kulturen Ettersom baking gjerne har vore kvinnfolkarbeid, har kjevlet alltid vore innan rekkevidd for kona. Av den grunn vert kjevlet i teikneseriar ofte framstillt som kvinna sitt «våpen», som i teikneserien Finbeck og Fia.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kjøkenutstyr