mini|Framside 2. januar 1820

Morgenbladet er ei avis som kjem ut i Oslo kvar fredag. Ho har eit stadfesta nettoopplag på 15 720.«Avisenes leser- og opplagstall for 2006» frå Mediebedriftenes Landsforening, publisert 12. februar 2007 Ansvarleg redaktør er Sun Heidi Sæbø.

Avisa har som mål å vere ei ubunden røyst i den offentlege debatten og konsentrerer seg hovudsakleg rundt temaa kultur, media, politikk, kunst og litteratur. Tidlegare var avisa ei konservativ avis.

Dei viktigaste eigarane i Morgenbladet er Forlagskonsult, Fritt Ord og Dagsavisen.

Historie Boktrykkar Niels Wulfsberg stod bak den første utgåva av Morgenbladet, som kom ut 1. januar 1819. Ingen norske dagsaviser er eldre. Avisa kom med undertittelen «En daglig Avis af alle Slags Indhold» og vart trykka av det Wulfbergske Boktrykkeri under faktor Rasmus Hviid.

Morgenbladets første format var 20 x 20 cm, mindre enn dagens A4-format. Sidetalet var fire. Dette formatet heldt avisa på i 17 år.

Wulfsberg utgav til tross for at enkelte krefter meinte at ein hadde nok aviser i landet. Morgenbladet utkom samtidig med aviser som Nationalbladet, Drammens Tidende, Budstikken og Rigstidende.

Utover 1820-talet vart Morgenbladet sett på som ei av dei viktigaste avisene i Noreg.

Adolf Bredo Stabell Morgenbladet fekk i 1831 med Adolf Bredo Stabell, som første norske avis, ein redaktør som førte ei langsiktig politisk line. Med inspirasjon fra utlandet innførte Stabell leiarartikelen. Gjennom sitt politiske ståsted og uahenighetsideal i Morgenbladet vart Stabell ein av dei fremste bidragsytarane til utforminga av den norske redaktørrollen.

1900-talet

Carl Joachim Hambro d.e. var Morgenbladets redaktør under og etter den første verdskrigen.

Avisa vart under den andre verdskrigen stoppa av den tyske okkupasjonsmakta i april 1943. Redaktørane Olaf Gjerløw og Fredrik Ramm vart sende i tysk fangenskap.

Etter krigen gjekk det stadig nedover med Morgenbladet.

I perioden 1963 til 1982 var Chr. Christensen (C.C.) redaktør i avisa.

Ein periode på 1980-talet vart avisa utgjeven av Hroar Hansen, som også stod bak Søndag Søndag. I denne perioden var Hans Geelmuyden redaktør. Etter ei tid trekte likevel Geelmuyden og det meste av redaksjonen seg etter fleire konfliktar med Hansen.

I 1993 kjøpte Truls Lie avisa, som vart omgjort til ei vekeavis.

Ansvarlege redaktørar Niels Wulfsberg 1819–1821 Rasmus Hviid 1821–1831 Adolf Bredo Stabell 1831–1857 Christian Friele 1857–1894 Nils Vogt 1894–1913 C.J. Hambro 1913–1919 Olaf Gjærløw 1920–1940 Olaf Gjærløw og Fredrik Ramm 1940–1941 Rolv Werner Erichsen 1941–1943 Olaf Gjærløw 1945–1949 Birger Kildal 1958–1963 Christian Christensen 1963–1982 Sverre M. Gunnerud 1982–1984 Odd Gisholt 1984–1985 (fungerende) Paul Einar Vatne 1985–1987 Hans Geelmuyden 1987–1988 Hroar Hansen 1988–1993 Truls Lie 1993–2003 Alf van der Hagen 2003–2012 Anna Børve Jenssen 2012–2019 Sun Heidi Sæbø 2019–

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Morgenbladet» frå , den 29. august 2007.

Litteratur

Bastiansen, Henrik G. og Dahl, Hans Fredrik : Norsk Mediehistorie – Universitetsforlaget – ISBN 82-15-00325-7

På nettet: morgenbladet.no morgenbladet.no om avisens historie

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske aviser etter namn

Kategori:Aviser i Oslo Kategori:Vekeaviser Kategori:Skipingar i 1819 i Noreg Kategori:Aviser skipa i 1819