Kifisós (gresk Κηφισός), òg skrive Kephissos eller Kefisus, er ei elv som renn over den atenske sletta i Attikí i Hellas.
Elva ligg i den vestlege delen av dalen, og i dag ligg det meste av elva langs motorvegen frå Aten mot Thessaloníki, og aust for fjella Párnitha og Egáleo. Elva munnar ut i Saroniabukta.
Fire bruer over elva vart rivne ned i 1995 for å byggje breiare bruer. Arbeidet tok 8 år, mellom anna fordi kraftig regn og flaum gjorde skadar på arbeidet som var gjort og vaska med seg ein sementbil.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cephissus (Athenian plain)» frå , den 31. august 2007.
Kifisos i Attiki Kifisos