Periferieininga Dráma (gresk Περιφερειακή ενότητα Δράμας Periferiakí enótita Drámas) er ei periferieining i Hellas i periferien Aust-Makedonía og Thráki. Hovudstaden i periferieininga er Dráma. Periferieininga er det nordlegaste i Gresk Makedonia og det vestlegaste i periferien. Det nordlegaste punktet er Rodopifjella.
Historie
Den eldste permanente busetnaden i området er det som i dag er byen Dráma, som har sitt opphav i førhistorisk tid. I antikken var området ein del av Kongedømet Makedonia, og seinare ein del av Romarriket og Austromarriket.
Frå 1200- til 1400-talet skifta Dráma herskarar fleire gongar. I 1204 erobra krossfararane området. I 1223-1224 vart det erobra av Theodoros Ι Komnenos Doukas, keisar av Thessaloníki. Ι 1230 vart det erobra av Ioannis Asen ΙΙ, tsar i Bulgaria, medan det i åra 1242-1243 og i 1246 kom tilbake til austromarane då Ioannis Vatatzis gjenerobra Aust-Makedonia.
På byrjinga av 1300-talet var det uro i området og ein austromersk borgarkrig mellom Andronicus ΙΙ og III Paleologos (1321-1328) og seinare mellom Ioannis Kantakouzinos og medlemmar av Paleologosdynastiet (1341-1347). Det osmanske riket erobra byen Dráma i 1383.
Dráma vart igjen ein del av Hellas etter den første balkankrigen i 1913.
Geografi Fjella Órvilos (Slavjanka) ligg i nordvest, Falakró i nord og Rodopifjella i nordaust, medan Meníkio ligg i sørvest. Elva Nestos (Mesta) er den lengste elva i periferieininga og renn i nordlege og austlege område. Periferieininga grensar til Xánthi i aust, Kavála i sør, Sérres i nordvest og vest og til Bulgaria i nord. Dyrkbar mark finst i sørlege og vestlege område av Dráma.
Klima Periferieininga har hovudsakleg middelhavsklima i dei sørlege områda. Elles er klimaet kontinentalt med kalde vintrar i høgareliggande og nordlege område.
Administrativ inndeling
Tidlegare var Dráma eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fem kommunar.
Periferieining Kommune Tidlegarekommune Postnummer Retningsnr Dráma Káto Nevrokópi Káto Nevrokópi 660 33 25230-2 Prosotsáni Prosotsáni 662 00 25220-2 Sitagrí 660 34 23510-9 Dráma Dráma 661 00 25210-2 Sidirónero 660 38 25210-9 Paranésti Paranésti 660 32 25250-2 Nikifóros 660 37 25210-9 Doxáto Doxáto 663 00 25210-6 Kalambáki 660 31 25210-5
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i periferieininga er: Tettstad Kommune Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Dráma Dráma 44 823 43 445 Prosotsáni Prosotsáni 3 553 3 169 Ájos Athanásios Doxáto 3 150 2 746 Kalambáki Doxáto 3 110 2 652 Khoristí Dráma 2 725 2 512 Doxáto Doxáto 2 884 2 468 Xiropótamos Dráma 2 554 2 409 Káto Nevrokópi Káto Nevrokópi 2 157 1 855 Petroússa Prosotsáni 1 704 1 523 Fotolívos Prosotsáni 1 484 1 260 Kallífytos Dráma 1 282 1 201 Kýria Doxáto 1 330 1 029 Adrianí Paranésti 1 080 953 Kalós Agrós Dráma 1 178 838
Referansar
Kjelde
Drama
Drama Drama