Periferieininga Ilía (gresk Περιφερειακή ενότητα Ηλείας, Periferiakí enótita Ilías) er ei periferieining i Hellas i periferien Vest-Hellas. Hovudstaden i periferieiningα er Pýrgos. Periferieininga ligg vest på Peloponnes.
Administrativ inndeling
Tidlegare var Ilía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i sju kommunar.
Periferieining Kommune Tidlegarekommune Ilía Andravída-Kyllíni Andravída Vouprasía Kástro-Kyllíni Lekhená Piniós Gastoúni Vartholomió Traganó Pýrgos Pýrgos Vólakas Iárdanos Oléni Ílida Amaliáda Pinía Antikke Olymbía Antikke Olymbía Lámbia Lasióna Folói Andrítsena-Kréstena Andrítsena Alífira Skilloúnda Zakháro Zakháro Figalía
Geografi Kysten av Ilía har 120 km med sandstrender. Den lengste elva i periferieininga er Alfiós. Andre elvar er Erýmanthos og Néda, som dannar grensa mellom Ilía og Messinía.
I sør ligg fjellkjedene Móvri (Μόβρη), Dívri (Δίβρί), Mínthi (Μίνθη) og fleire.
Ilía grensar til Messinía i sør, Arkadía i søraust og Akhaía i nordaust. Det joniske havet ligg i nord og vest. Øya Zákynthos ligg eit stykke vest for Ilía.
Historie I 776 fvt. vart dei første olympiske leikane halde i Olympia i Ilía. Desse leikane varte inn i Romarriket og Austromarriket. På 200- og 300-talet herja gotarar, slavarar og vandalar i området. På 1000- til 1200-talet bygde frankarane festningsverk i området for å hindre åtak frå nord. I 1204 vart fyrstedømet Akhia oppretta og Ilía vart ein del av dette dei neste 256 åra. I 1460 vart fyrstedømet og Ilía erobra av Det osmanske riket. Tida under osmanarane varte fram til den greske sjølvstendekrigen i 1821, med korte avbrot då Venezia erobra område på Peloponnes.
Ilía vart først ein del av det større prefekturet Akhaía-Ilía. Dei vart skild frå kvarandre og kom saman igjen, med sidan 1934 har dei vore fråskild.
I august 2007 vart Ilía råka av enorme skogbrannar, som førte til fleire titals dødsfall og enorme miljømessige og økonomiske øydeleggingar. Totalt omkom 45 menneske i prefekturet, men over 100 000 vart råka på ein eller annan måte. 3 500 vart heimelause, 25 000 dyr døydde og 8 500 hektar med skog brann ned, i tillegg til 2 300 hektar med jordbruksland.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i periferieininga er: Tettstad Kommune Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Pýrgos Pýrgos 24 359 25 151 Amaliáda Ílida 16 763 16 841 Gastoúni Piniós 7 485 7 683 Néa Manoláda Andravída-Kyllíni 2 006 3 696 Andravída Andravída-Kyllíni 3 981 3 110 Vartholomió Piniós 3 603 3 979 Zakháro Zakháro 3 145 2 871 Lekhená Andravída-Kyllíni 2 641 2 720 Traganó Piniós 2 509 2 947 Várda Andravída-Kyllíni 2 291 2 762 Kréstena Andrítsena-Kréstena 1 864 1 642 Makrísia Andrítsena-Kréstena 1 718 1 564 Epitálio Pýrgos 1 469 1 239 Kavásilas Piniós 1 252 1 231 Savália Ílida 1 206 1 101 Myrsíni Andravída-Kyllíni 1 135 1 265 Manolás Andravída-Kyllíni 844 1 202 Varvásena Pýrgos 1 107 980
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ilia Prefecture» frå , den 7. september 2007.
Ilia
Ilia Ilia