mini|NRK Østlandssendingen hadde lokale i denne tidlegare fabrikkbygningen på nedlagde Myrens verksted på Sagene i Oslo. Akerselva går langsetter bygningen til venstre i biletet.

NRK Østlandssendingen var eit av dei største distriktskontora til Norsk rikskringkasting, og produserte dagleg fleire program frå Oslo og Akershus for distribusjon over radio, fjernsyn og internett. Det vart skipa i 1959, og slått saman med NRK Østfold og NRK Buskerud til NRK Oslo og Viken i 2020.

Histotrie NRK Østlandssendingen vart skipa i 1959. Heilt fram til 1996 konsentrerte redaksjonen seg berre om radiosendingar. Ikkje før 28. februar 1996 gikk den fyrste lokale nyhendesendinga i fjernsynet på lufta.

Til å byrje med hadde redaksjonen lokale i kringkastingshuset på Marienlyst i Oslo. Frå 1972 fikk sendinga sin eigen distriktssjef, og dekka då dei åtte fylka Oslo, Akershus, Hedmark, Oppland, Telemark, Østfold, Vestfold og Buskerud. Frå 1988 dekka ho berre Oslo og Akershus.

I 1981 vart NRK Østlandssendingen flytt frå lokala på Marienlyst til lokale i Staffeldtsgate i nærleiken av Slottsparken i Oslo, og frå november 1993 fekk sendinga nye lokale i ein av dei gamle fabrikkbygningane til det nedlagde Myrens verksted på breidda av Akerselva på Sagene i Oslo. Herfrå gjekk den fyrste lokale nyhendesendinga i fjernsynet på lufta 28. februar 1996.

NRK Østlandssendingen vart ein fleirkulturell arbeidsplass i 1997. Hausten dette året byrja produksjonen av det fyrste riksprogrammet for fjernsynet, Migrapolis, som var eit fleirkulturelt magasin send på NRK 2. Eit fjernsynsprogram på framandspråk vart dessutan sendt kvar veke under namnet Migranytt i åra frå 1999 til juni 2003.

Sjefar for NRK Østlandssendingen

Desse har vore sjef for NRK Østlandssendingen:

Arthur Klæbo 1959–1972 Magne Finslo 1972–1984 Tor Fuglevik 1984–1986 Kalle Lisberg 1986 Stig Fossum 1986 –1988 Rune Andersen 1988–1990 Arne Wam 1990–1997 Anne Aasheim 1997–2000 Per Arne Kalbakk 2001–2007 Otto Haug 2007–2016 Anne Karin Pessl-Kleiven 2017–2020

Kjelder

Kategori:NRK Kategori:Kultur i Oslo Kategori:Kultur i Akershus Kategori:Skipingar i 1959