Egyptisk historie frå 1805 til 1882 er avgrensa av at Muhammad Ali tok makta i Egypt i 1805, og at britane tok kontrollen over landet i 1882.

Perioden baud på storstilt modernisering og gigantiske reformforsøk. I spissen for desse prosessane er dei egyptiske visekongane, khedivane. Muhammad Ali, den første khediven, tok makta i 1805 og sette i gang tiltak som snart skulle gjere Egypt til ein av dei mest utvikla statane utanfor Europa. Desse programma førte og til at staten brukte mykje pengar og sette seg i stor gjeld, og den svake økonomiske situasjonen medverka til at Storbritannia til slutt okkuperte Egypt i 1882.

Muhammad Ali kjem til makta mini|Muhammad Ali av Egypt måla av Auguste Couder i 1841.

Muhammad Ali var son av ein osmansk lågare offiser med albansk avstamming. og kom frå Kavála, ein liten hamneby i Makedonia. Etter ein periode som mindre vellukka handelsmann på sjøen gjekk han i sin far sine fotspor, og han kom til Egypt som nestkommandør for ein liten albansk kontingent med soldatar som skulle slåst mot Napoleon sine okkupasjonsstyrkar.Marsot 1984 s. 28 I Egypt kom han raskt i ein leiande posisjon i heile den albanske hæravdelinga, som fungerte som leigesoldatar for osmanarane. Frå denne posisjonen klarte Muhammad Ali å manøvrere seg fram til å bli eineherskar over Egypt gjennom eit avansert intrigespel, politisk kløkt og godt militært leiarskap. Han fekk til alliansar med kjøpmenn, religiøse leiarar og stammehøvdingar som han sidan vraka når han ikkje hadde bruk for dei lenger. Muhammad Ali stod etter kvart fram som det klaraste alternativet til kaoset som dei mange ulike mamelukk-beyane representerte, og slik fekk han folket og det islamske leiarskapet si støtte til å be sultanen i Istanbul om tittelen visekonge i 1805.Marsot 1975 s. 41 Den siste rest av innanlandsk opposisjon utrydda han då han inviterte 24 leiande mamelukk-beyar til middagsselskap i 1811 og massakrerte dei. Marsot 1984 s. 72

Egypt sine problem på byrjinga av 1800-talet

Muhammad Ali hadde heilt sidan han kom til Egypt vore imponert over dei potensielle rikdomane i landet, spesielt med tanke på jordbruksproduksjon. Samstundes fanst det tre reelle truslar mot styret hans etter at han hadde kvitta seg med mamelukk-beyane.Marsot 1984 s. 58 Den eine var sultanen i Istanbul, som han var formelt underlagt, og som kunne halde fram med intrigar og påfunn for å hindre Muhammad Ali i å bli for mektig. Det andre problemet hans var sviktande finansar, og det tredje var trusselen frå europeiske land, særleg Storbritannia som allereie hadde blanda seg inn i tumultane mellom 1803 og 1805 som motstandarar av Muhammad Ali.

Muhammad Alis svar på tryggleiksproblema var å skape eit sterkt militærvesen og ta i bruk dei nye militære teknikkane og taktikkane som europearane hadde vist fram. Dette er ein tankegang som ein finn igjen hos herskarane i både Persia, Tunisia og hos sultanen i Istanbul på denne tida, og kan med ei fellesnemning kallast defensive utviklingsstrategiar.Gelvin 2005 s. 73 Det som likevel skilde Muhammad Ali frå naboherskarane og frå tallause andre oppkomlingar som har tatt makta i eit land, var at han må ha hatt ein større plan for korleis han kunne få til økonomisk utvikling for landet sitt. Han såg truleg på dette som ein altomfattande prosess der endringar i både jordbruk, industri, skattlegging, handel, utdanning og militærvesen skulle tene til eit sterkare og meir uavhengig Egypt.Landes 1998 s. 403 For å kunne gjennomføre eit slikt enormt prosjekt trong Muhammad Ali ein sterk og sentralisert stat, og hans økonomiske politikk kom til å vere sterkt prega av dei merkantilistiske straumdraga som hadde vore framståande i europeisk økonomi ei stund.

Endringar i det egyptiske jordbruket mini|Bomullsplante. Illustrasjon frå Egypt: Descriptive, Historical, and Picturesque (1878).

Mykje av grunnlaget for den industrielle utviklinga i Europa var auka effektivitet i jordbruket på grunn av nydyrking av land og betre dyrkingsmetodar.Braudel 1984 s. 558 Dette frigjorde arbeidskraft og sørgde for at det blei mogleg å fø industriarbeidarar. Dette aspektet kan ha vore i Mohammad Ali sine tankar då han beordra ei omlegging av jordbruket, men like sannsynleg er det at han i utgangspunktet var ute etter å skaffe seg enkle inntekter frå salsjordbruk. Det var særleg eksport av kveite som var den største inntektskjelda til dei egyptiske styresmaktene dei første åra som Mohammad Ali regjerte. I åra rundt 1810 var det dårlege avlingar i Europa, og den russisk-tyrkiske krigen sperra for eksport av korn frå områda rundt Svartehavet fram til 1812.Marsot 1984 s. 145 Dette gjorde at egyptisk korn kunne seljast til eventyrlege prisar til franskmenn og engelskmenn, og såleis skaffe Mohammad Ali den startkapitalen som var naudsynt for å gå i gang med reformplanane sine. Mykje av pengane blei og reinvestert i jordbruket.

Omlegginga i jordbruket bestod i stor grad av auka satsing på salsavlingar og store offentlege irrigasjonsprosjekt. I Øvre Egypt blei det satsa for fullt på kveiteproduksjon for eksport, medan bomullsproduksjonen fekk stadig større innpass i Nedre Egypt og delta-området. Dette hang saman med oppdaginga av ei ny type bomull som var spesielt godt egna for industriell produksjon, sidan ho hadde lange, tynne fibrar og var sterkare enn vanleg bomull. Det var ein franskmann ved namn Jumel som hadde funne denne spesielle bomullsarta, «Jumel-bomull», i ein hage i Kairo og tilpassa han til storskaladyrking.Owen 1969 s. 29 Historikaren David Landes meiner at det var nettopp inntekta frå det statlege monopolet på bomullseksport som gjorde Mohammad Ali sine prosjekt moglege.Landes 1998 s. 404 Andre salsavlingar som det blei satsa stort på var sukkerrøyr, indigo og ris.

Samstundes blei bøndene utskrivne for å delta i store irrigasjonsprosjekt. Dette var ikkje populært, men dei fekk faktisk betalt for arbeidet, i motsetnad til kva ein del europeiske observatørar hevda.Marsot 1984 s. 151 Ei mengde store og små kanalar blei gravne for å spreie det livgivande Nilvatnet utover nye område, og gamle blei oppgradert samstundes som vedlikehaldet av dei blei regulert. Det blei også bygd store basseng for å kunne samle opp flaumvatn til seinare høve, samt ein stor irrigasjons- og transportkanal som batt Alexandria saman med Nilen. Skatterekneskap viser oss at det dyrka arealet i Egypt blei auka med over 36% etter irrigasjonsprosjekta i forhold til tidlegare,Marsot 1984 s. 152 og produksjonen auka stort på grunn av tryggare vassforsyning gjennom heile vekstsesongen. Kornproduksjonen auka til tre-fire gonger det tidlegare nivået i løpet av 20 år.Marsot 1984 s. 156

Skattesystem

Under mamelukktida var det ei stor gruppe landeigarar kalla multazimun som var ansvarlege for skatteinnkrevjinga frå bøndene. Dei eigde eller disponerte og store landområde som var fritekne for skatt. Dei mange ulike skattane som fallahin betalte skulle ofte gjennom opptil sju-åtte ulike ledd før noko av han nådde fram til statskassa, og då skulle alle mellomledda ha sin del og gjerne litt til. Veldig mykje av inntektene seiv ut til grådige funksjonærar og lokale elitar gjennom dette systemet, og Muhammad Ali var avhengig av å sentralisere og forenkle skatteinnkrevjinga om staten skulle få utbytte av den auka produksjonen i jordbruket. Det nye systemet som blei tatt i bruk likna mykje på det som den franske guvernøren 1800-02, Abdallah Menou, hadde føreskrive. Det var framleis mange ledd med landsbysjefar, skattefutar, regionale overvakarar og liknande, men den store skilnaden var at desse no var løna av staten i staden for at dei fekk behalde det dei ikkje sende vidare. Nytt var det og at mange av dei lågare funksjonærane var etniske egyptarar, tidlegare hadde skatteinnkrevjing vore reservert den tyrkisk-kaukasiske eliten.Marsot 1984 s. 117

Reforma blei gjennomført, sjølvsagt med stor motstand frå landeigarane og alle andre som nå måtte sende større del av inntektene sine vidare i systemet. Strenge fysiske straffar blei fastsette for alle, også dei oppover i administrasjonen, for å levere for lite skatt, og eit omfattande og rigid kontrollsystem blei sett i verk for å sikre at ingen stakk unna pengar.Marsot 1984 s. 114

Handel og infrastruktur

høgre|300px|thumb|Den store Muhammad Ali-moskèen i Kairo, bygd mellom 1820 og 1840. Muhammad Ali heldt seg til merkantilismen sine læresetningar om at eit land burde eksportere mest mogleg og importere minst mogleg. Jordbruket skulle i utgangspunktet sørgje for det naudsynte eksportoverskotet, samstundes som ein ny industri skulle kunne erstatte varer som før hadde blitt importerte frå utlandet gjennom såkalla importsubstitusjon.

Handelen med stadig fleire vareslag blei lagt inn under statlege monopol utover Muhammad Ali si regjeringstid, og allereie frå om lag 1810 var den lukrative kornhandelen monopolisert. Bøndene fekk berre lov til å selje kornet sitt til staten, som blei den einaste kornhandlaren i Egypt. Seinare kom statlege monopol på mellom anna ris, grøne erter, sesam, indigo og bomull.Marsot 1984 s. 153 Nokre av monopola på etelege varer kom for å sikre forsyninga til hæren, men mesteparten av monopola kom for å sikre staten ein størst mogleg del av fortenesta frå eksport. Mykje av grunnen til at eksportmonopola på spesielt korn og bomull gav så stor forteneste kan ha vore at varene blei kjøpt opp til kunstig låge prisar og så eksportert med ein enorm eksporttoll.Landes 1998 s. 404 Staten sine eksportinntekter blei tidobla i løpet av Mohammad Ali si regjeringstid frå 1805-48.Simensen 2004 s. 197

Dette tok i utgangspunktet livsgrunnlaget frå den egyptiske kjøpmanns-klassen, og var ikkje spesielt populært mellom dei. Mange av desse valde likevel å gå inn i det statlege systemet for å fungere som statlege oppkjøparar eller handelsmenn, der dei kunne bidra med mykje kompetanse. Monopola blei spesielt dårleg motteke mellom dei utanlandske handelsmennene i Egypt, som nå måtte kjøpe til ein mykje stivare pris enn før, om dei i det heile tatt fekk kjøpe. Muhammad Ali satsa nemleg også på å eksportere mest mogleg via egyptiske skip, etter same merkantilistiske prinsipp som gjorde at engelskmennene innførte Navigation Act.Marsot 1984 s. 165

Utanlandske observatørar rapporterte om at ferdslevegane i Egypt blei trygge under Muhammad Ali fordi hæren blei sett til å vakte vegane og elvetransporten.Marsot 1984 s. 153 Dette var og eit tiltak som gjorde det mogleg å få ut meir varer til eksport.

Industri

mini|Spinnemaskin Etter at det var blitt etablert meir statleg kontroll over jordbruksproduksjonen og monopol på eksport av råvarer hadde Muhammad Ali skaffa seg nok kapitalgrunnlag til å byrje og erstatte importerte industrivarer med egyptiskproduserte. Etter 1815 blei det i aukande tempo oppført statlege fabrikkar som skulle framstille metallprodukt, tauverk, våpen, skip, kjemikaliar, sukker, glas og ikkje minst tekstil.Landes 1998 s. 404 Mykje av denne produksjonen var mynta på militære formål, og mange vil seie at det var militæret sine behov som var drivkrafta for heile den industrielle utviklinga i Egypt på denne tida. Våpen og ammunisjon blei kjøpt inn frå Europa og sidan kopiert i egyptiske fabrikkar slik at egyptarane ikkje skulle trenge å vere avhengig av europearane for å utruste armeane sine.Marsot 1984 s. 166 Ikkje berre var mykje av industrien konstruert for å dekke militære behov, men inntektene frå den eksportretta industrien var nok også eit ledd i den militære strategien, sidan det var bruk for desse pengane til å finansiere felttoga mot Hijjaz, Sudan, Hellas og Syria.

Det var tekstilindustrien som var leiande i dei store produksjonsomveltingane i industrien sitt heimland, England. Brennstoff til å drive dei nye maskinane fanst under jorda i Nord-England i form av kol, men bomulla som skulle spinnast og vevast i fabrikkane måtte importerast.