Jan Magne Herstad () er ein norsk kommunepolitikar for Senterpartiet. Herstad vart første gong vald inn i kommunestyret i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane i 1995. Frå 1997 til 1999 var han leiar for Komiteen for landbruk, teknikk og miljø. I perioden 1999–2007 var Herstad ordførar i Naustdal. Herstad er no inne i sin fjerde kommunestyreperiode, men måtte denne perioden overlate ordførarklubba til Håkon Myrvang frå Arbeidarpartiet. Herstad bur saman med kona på Birkeland i Naustdal. Dei har tre barn fødd i 1987,-90 og 94. Han er tankbilsjåfør i Tine og driv gardsbruk saman med kona. Har også styreverv i Fjord1, Fossheim Energi og Sunnfjord Energi og er engasjert som politisk rådgjevar i Engebøprosjektet hos Nordic Mining.

Kjelder

Kategori:Ordførarar i Naustdal Kategori:Sp-ordførarar i Sogn og Fjordane Kategori:Folk frå Naustdal