Kongsberg Maritime er eit norsk teknologiføretak. Føretaket leverer system for dynamisk posisjonering, overvaking, navigasjon og automasjonsutstyr til handelsflåten, utaskjers installasjonar, satellittnavigasjon og hydroakustikk. Dei viktigaste marknadane er i land med stor utaskjers verksemd og verksindustri.

Historie Historia til Kongsberg Maritime går attende til grunnleggaren av Autronica i 1957 og det fyrste alarmsystem som vart levert i 1959. Føretaket har utspring i samanslåinga av dei tidlegare føretaka Kongsberg Simrad (tidl. Simrad Albatross), Kongsberg Maritime Ship Systems og Simrad. Kongsberg Maritime har opp gjennom åra kjøpt opp mange velrenomerte maritime og utaskjersorienterte føretak og inkluderer i dag tidlegare føretak som:

Autronica Fantoft Mesotech Norcontrol Seatex Sense Intellifield Simrad

Kongsberg Maritime var del av Kongsberg Gruppen fram til april 2026, då det blei skilt ut som eit eige føretak.

Produkt Kongsberg Maritime leverer teknologi og utstyr til fartøysposisjonering, overvaking og automatisering til handelsflåtar og utaskjers installasjoner. Dei mest kjente produkta er dynamisk posisjoneringssystem for maritime fartøy, der føretaket er verdsleiande, men KM er òg kjent for andre produkt:

Dynamisk posisjonering- og navigasjonsystem Hydroakustikk, undervassfarkostar og system Skipsautomasjon Rørslesensorar, GPS, AIS og posisjonsreferensesystem Marinesystem Prosessautomasjonsutstyr Prosessimulatorar Følerar for trykk og temperatur Skipssimulatorar Tankmålarar Undervasskamerasystem

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Maritim navigasjon Kategori:Norske industriselskap Kategori:Kongsberg Gruppen Kategori:IT-føretak