Sérres (gresk Σέρρες, eldre form Σέρραι, Sérrai; tyrkisk Serez eller Siroz; slavisk Серез, Serez, Сяр, Sjar eller Сер, Ser), tidlegare òg Serrae eller Serrhae, er ein by og ein kommune i Sentral-Makedonía i Hellas. Han ligg på ei frodig slette om lag 25 km nordaust for Strymónas (Struma) og 60 km nordaust for Thessaloníki. Rodopifjella stig opp nord og aust for byen. Byen er hovudsete i periferieininga med same namn. I 2011 hadde byen vel 58 000 innbyggjarar.

Historie Av romarane vart byen kalla Serrae eller Serrhae og det vart bygd ei stor festning her under Austromarriket for å vakte den nordlege grensa til riket og det strategiske Rupelpasset inn i Bulgaria. Bulgararne tok byen på 900-talet, før han kom inn under Serbia i 1345 og vart hovudstad for keisaren Stefan Dušan. Dušan var så nøgd med den harde omleiringa av den tredje austromerske byen at han krona seg sjølv «Keisar av serbarane og grekarane». Etter han døydde fall riket hans ut i føydalt anarki og keiserinna Hellen heldt fram å styre Sérres-området frå 1356, men vart alt i 1365 jaga bort av despoten Jovan Uglješa Mrnjavčević, som danna ein liten, men mektig miniputtstat i Sérres. Etter 1371 og slaget ved Maritsa fekk austromarane tilbake kontrollen over Sérres og tvinga serbarane bort. Alt i 1383 erobra derimot osmanarane byen. Tidleg på 1900-talet oppstod det ein anti-osmansk uro i byen, som førte til Ilinden-Preobrazjenije-opprøret i 1903. Den bulgarske hæren erobra Sérres under den andre balkankrigen i 1913, men vart tvunge bort igjen av greske styrkar. Byen vart totalt ombygd etter at bulgarane brende ned heile byen. Han vart okkupert av bulgararane igjen under både den første og den andre verdskrigen, og fekk fleire skadar. Etter krigen har dei greske styresmaktene utført planar som har utvikla økonomien til byen.

Økonomi Sérres er senter i eit jordbruksdistrikt og er eit viktig handelssenter for tobakk, korn og buskap. Etter subsidiar frå staten vart området og eit senter for produksjon av tekstilar og andre industriprodukt.

Administrativ inndeling

mini|venstre|Den tidlegare kommunen Sérres, no kommunaleininga Sérres Frå 2011 omfattar kommunen Sérres òg dei tidlegare kommunane Kapetán Mitroúsi, Levkónas, Skoutári, Áno Vrondoú og Oriní. Dei seks tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 74 004 innbyggjarar, medan kommunaleininga Sérres hadde 60 888 og tettstaden med same namn 59 260 innbyggjarar.

Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Sérres Sérres 58 287 59 260 Levkónas Levkónas 2 388 2 221 Skoutári Skoutári 2 154 1 863 Mitroúsi Kapetán Mitroúsi 1 479 1 195 Kalá Déndra Levkónas 1 131 966 Káto Kamíla Skoutári 1 127 955 Provatás Kapetán Mitroúsi 1 099 829 Eptámyli Sérres 712 705 Ájos Ioánnis Sérres 723 598 Oriní Oriní 742 575 Áno Kamíla Kapetán Mitroúsi 682 546 Anajénnisi Kapetán Mitroúsi 752 523 Inoússa Sérres 517 497

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (gresk) Informasjon om Sérres

Kjelde

Sérrai Encyclopædia Britannica, 2006. Sérrai, Siris eller Serres The Columbia Encyclopedia, 2004.

Serres Serres Serres Serres Serres