Øystese kyrkje er ei langkyrkje frå 1868 i Øystese i Kvam herad i Vestland fylke.
Byggverket er i tømmer og har plass til 500 personar. Kyrkja er teikna av arkitekt C. Erichsen og Jacob Wilhelm Nordan. Erichsen laga også teikningane til Odda kyrkje, og dei bygde på Øystese kyrkje.
Inventar Altertavla som står koret er måla av Anders Askevold og viser krossfestinga. Ho vart laga til kyrkja då ho var ny. I skipet heng det ei altertavle som er frå kring 1700, og som hang i den gamle stavkyrkja før ho vart riven.
Bakgrunnsstoff Norges Kirker: «Øystese kyrkje», på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning Om Øystese sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Hordaland», på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen Eldre fotografi av kyrkja på nettstaden til Nasjonalbiblioteket Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Kvam herad på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Hardanger og Voss prosti Kategori:Kyrkjer i Kvam Kategori:Jacob Wilhelm Nordan Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:Kulturminne i Kvam