mini|Heilag mann i Kathmandu i Nepal, med pannemerke, symbolmønstra og -farga klede, rosenkrans rundt halsen og handa forma i ein signande mudra. mini|Sri-yantraet. mini|«Aum» på ein medaljong. mini|Oransjefarga symbol, mellom anna svastika, på ein kanon i ein festning i Rajasthan. Religiøse symbol i form av skrift, teikningar, ting og handlingar er særs viktige innan hinduismen. Dei står ofte for grøde eller lukke, eller som hjelpemiddel til å nærma seg det uendelege og uforståelege ved å gje det forståeleg form.
Ein kan ofte kjenna att ein hindu gjennom pannemerket eller eit hindutempel gjennom den typiske kuppelen eller tempelflagget, eller identifisera ein gud gjennom tinga han held eller dyr han er avbilda saman med. Særskilde ting, som lotusblomen eller oske frå kuskit, har særskild status innan hinduismen på grunn av det dei symboliserer. Handgestar har spesifikke tydingar som mellom anna gjer at ein kan fortelja ei soge gjennom dans, medan hymne og offerhandlingar ofte har fleire ulike tolkingar. Visse symbol, som mandala- eller kolam-mønster, skal hovudsakleg skjønast ut frå eit andeleg og ikkje eit intellektuelt synspunkt.
Hinduiske symbol blir også brukte i samband med indisk politikk, særleg den hindunasjonalistiske Hindutva-rørsla. Dei er kjende utanfor hindumiljø, men blir ofte misforstått og i nokre tilfelle misbrukte.
Mønster og teikn Ein viktig del av hinduisk utøving er å laga eller sjå teikn som skal bringa lukke eller gje nærleik til Gud. Slike teikn har gjerne symbolsk tyding, eller blir tillagd tyding av seinare tenkarar.
Lyden «aum» blir brukt innan dei fleste hinduiske bøner og til meditasjon. Det nedskrivne symbolet for lyden blir brukt til å dekorera tempel og andre heilage ting med, og aum skrive med devanagari-skrift er blitt eit kjent teikn for religionen også utanfor hinduismen, men ein finn like gjerne den heilage lyden nedskriven med andre bokstavar, til dømes tamilske eller nepali-teikn. Aum blir mellom anna sett på som eit symbol på Brahman, den altomfattande guddommen.«Hinduism Symbols» ved shaivam.org
Svastika, også kjend som hakekross, er eit anna utbreitt og velkjent hinduisk symbol som symboliserer lukke. Namnet skal koma frå sanskrit su-asti, ‘det er godt’. Teiknet står for æve, sidan det peiker i alle retningar, og kan slik også stå for den uendelege Brahman. Det er også eit symbol for rundgangen til sola.«s y m b o l i s m i n H i n d u i s m» på hinduwisdom.info, som siterer Gods and Goddesses of India av Kailash Nath Seth and B. K. Chaturvedi (s. 180-181) og Ayodhya and After: Issues Before Hindu Society av Koenraad Elst (s. 260-262)
Yantra er ein type teikn sett saman av geometriske figurar som står for visse eigenskapar hjå ein guddom. Til dømes blir eit heksagram laga av to motsett vendte trekantar brukt som symbol på Sjiva og Sjakti, kvinneleg og mannleg heilag energi som saman skapar verda, eller guden Murugan.«Hexagram as edited by 75.166.55.97 at 03:46, 11 September 2007» på Engelsk Wikipedia
I hinduisk bakkekunst bruker ein ofte yantra-liknande teikn og andre symbol som står for ulike gudar og andre gode ting. Teikningane er ofte laga av linjer utan ende, noko som igjen symboliserer æva. Den vanlegaste fargen for desse teikningane er kvitt, som står for fred, ro og reinleik.«Making Diwali Rangoli» på diwalifestival.org
Farge
Fargar har viktige tydingar i hinduismen. Oransje – eigentleg safranfarge – symboliserer sjølve hinduismen, mellom anna i det indiske flagget. Å bera berre oransje klede tyder at beraren er vigd det religiøse livet som ein sanjasin. Gulfarge frå safran og gurkemeie blir brukt i ritual, for å signa eller symbolisera lukke. Mykje av det same gjeld raudfargen frå kumkum, som særleg er symbol for symbolsk varme og grøderikdom, og blir brukt som farge på giftesarien til ei brur, og i hårskiljet til mange gifte kvinner. Kvitt står for reinsemd, og ein bruker kvitt fargestoff i mange hinduiske bakketeikningar, og kvite klede i nokre religiøse ritual, visse kaster.
Nokre fargar kan ha ulike tydingar for ulike grupper; svart er til dømes hovudsakleg ein ulukkebringande farge som ikkje må brukast i samband med ritual, men står i tradisjonell tamilsk kultur for fruktbarheit, og blir også brukt av Ajjappan-tilhengjarar på pilegrimsferd. Blått er tradisjonelt ein urein farge fordi han ikkje blei framstilt på vegetarisk vis, og blir dermed ikkje brukt av svært tradisjonsbundne kvinner av høgare kaster. Grønt er ein lukkebringande farge i Vest-India, og er påkravd i sarien og armringane under tradisjonelle svangerskapsseremoniar der, men har inga slik tyding andre stader.Mukulika Banerjee og Daniel Miller: The Sari (Berg Publishers, 2003)
Retningar Himmelretningane er forbundne med gudar og eigenskapar. Dei fire himmelretningane saman kan stå for allheimen. Fire armar på gudar og symbol som svastika kan visa til himmelretningane, og dermed symbolisera allestadsnærveret eller den uendelege styrken til guden.www.iloveindia.com, koausa.org
Sør er rekna som ein ulukkesbringande retning, knytt til dødsguden Jama, og ein bygger helst ikkje sørvendte hus eller tempel (bortsett frå tempel til Sjiva som Daksjanamurti), og utfører ikkje viktige handlingar som kan råkast av ulukke vend mot sør. I staden vil ein helst utføra handel eller rituelle helsingar vend mot nord, retninga knytt til rikdomsguden Kubera.hinduwebsite.com
Bygg og bilete Arkitektur mini|Eit hindutempel symboliserer universet og skal ofte likna på fjell. Dette er Birla Mandir i Delhi. Hindutempel er i følgje vedisk tenking eit mikrokosmos, eit bilde på universet i liten målestokk (sjå bandhu). Sjølve bygningen og området rundt er utforma etter visse reglar fastsette av Vastusjastra-tekstane. I følgje dei skal tempelplanen vera ein mandala som førestiller heile universet. Han er bygd opp av eit nettverk av kvadrat og likesida trekantar, der kvadratet i midten står for tempelguddommen og kvadrata vidare utover for gudar av stadig lågare rang.Anthony Batchelor: «The Hindu Temple» på TempleNet
Sjilpasjastra-skriftene skildrar den rette utforminga av hindutempel. Kvart tempel er sett på som ein verdas navle, og skal minna om fjellet som i følgje hinduisk tenking står der. Mange tempel er bygd nettopp slik at dei minner om fjell.
Midtpunktet i tempelet, der gudebiletet står, er den eigentlege navlen, og representerer ein kosmisk søyle oppover. Han startar med grunnsteinen like under rommet med gudebiletet, går oppover til det aller heilagaste, som blir kalla garbhagrha, som tyder ‘livmor-rom’. Der kan ein finna ei krukke fylt med den kvinnelege skaparkrafta sjakti, som står for jordgudinna, tre lotusblomar, som står for skapande mogleik, og tre skjelpadder, i stein, sølv og gull, som står for jorda, lufta og himmelen. Det aller heilagaste skal minna om ei grotte, ei landform som har særskild tyding i hinduismen.
Taket over det aller heilagaste, rommet der gudebiletet er, er den viktigaste måten å symbolisera fjell på, og det er difor ofte høgt og spisst og til tider måla kvitt, som snøen i Himalaya.
På utsida av templa finn ein ofte rike dekorasjonar som typisk står for grøde, til dømes elskande par som i det kjende Khajuraho-tempelet, bladranker og vasskrukker.Encyclopædia Britannica: «Hinduism» (Encyclopædia Britannica Online. 28 Sept. 2007),
Ikonografi
Gudebilete er i hinduismen representantar for gudar, ikkje gudar i seg sjølve, og framstillinga av dei viser til ei viss side ved guden (til dømes fryktinngjevande eller altelskande) og er ikkje meint å visa korleis han faktisk ser ut. Statuar og bilete av gudar følgjer ikonografiske reglar som lett kan lesast av hinduar på tvers av tid og rom, og identifisera guden, visa til ein særskild, kjend historie, eller symbolisera eit gode.
Gudar er ofte framstilde i ei viss stilling, murti, til dømes ein dansande Sjiva – Nataradja – eller ein liggande Visjnu (Anantasesja). Dei kan gjera eit teikn (mudra) med hendene, eller halda ein eller fleire symbolske ting, og ofte blir dei avbilda med fleire sett armar for å få fram fleire slike symbol. Også talet på hovud og hender kan ha symbolsk tyding, til dømes allkunne eller dei åtte himmelretningane. Sjiva blir som regel ikkje framstilt i menneskeleg form for tilbeding, men i form av ein linga, som symboliserer ein kosmisk søyle.
Dyr Kua er eit viktig symbol innanfor og utanfor hinduismen. At kyr er heilage for hinduar er noko også dei fleste ikkje-hinduar veit. Kua står som symbol for livet, og fem produkt frå kyr er utbreidde i hinduisk utøving: Mjølk, jogurt, ghi, kutiss og (brend) kumøkk.religionfacts.com: «The Cow in Hinduism»
Nokre dyr er generelt knytte til ein viss gud, til dømes ved at kyr har samband med kuguten Krisjna, eller at kobraen ofte har samband med Sjiva. Andre dyr er ridedyr, vahanaer, for enkeltgudar, og symboliserer ei side ved dei, til dømes elefant for rikdom, eller tiger for villskap. Svært ofte blir desse dyra framstilte i tempel til og avbildingar av gudane. Nokre ridedyr er namngjevne, til dømes den kvite oksen til Sjiva, Nandi, eller ridedyra til Visjnu, fabelfuglen Garuda eller den fleirhovuda slangen Anantasjesja. Andre ridedyr har ikkje namn og er ikkje rekna som individ, mellom anna påfuglane til Sarasvati og Murugan og tigeren til Durga.
Ting
Fleire konkrete ting er symbol for gudar eller idéar, og blir brukte i seremoniar og avbildingar. Viktige symbol er kokosnøtt og fleire andre plantar og plantedelar, vatn, særskilde våpen, musikkinstrument og ulike samanbundne ting, som trådar og kransar.
Vatn mini|Eit par blir signa med vatn under ein gjengifteseremoni, som finn stad når ektemannen fyller 60.
Vatn står for reinsemd, velstand og skaparkraft. Det blir brukt eit reinsande symbol før og under seremoniar og gjeremål. Ein vaskar seg rein i vatn før ein kvar seremoni, som regel kvar morgon, og viss ein har vore i kontakt med eit ureinande element. Ofte blir det skvetta vassdropar på ein bananblad ein skal eta på, eller bakken der ein har ete, for å reinska dei.The Water Page: Water in Religion Vatn har samband med gudane Brahma, som ofte blir avbilda haldande på ei vasskål, og Laksjmi, som kan bli avbilda saman med elefantar som sprutar vatn.
Før ei tempelvitjing må ein hindu vaska seg, og i gamle tempel finst det tempelbasseng der det var vanleg å reinska seg i samband med ritual. Heilage elvar og visse stader ved vatn og kysten er pilegrimsmål, og sangamar, stader der vatn frå ulike kjelder renn saman, kan vera særs heilage pilegrimsmål. Vatn i heilage elvar blir rekna som symbolsk reint, sjølv om det er svært ureina fysisk. Det kan reinsa ein for alle synder og gje ein ein plass i himmelen (svarga). Kremasjonsområde og gravstader ligg alltid ved vatn, og i ei hindugravferd er det vanleg å dryppa vatn rundt likbålet og kasta likrestar i vatn.
Plantar mini|Statuar av Rama, Sita og Laksjmana dekte med blomekransar, med brotne kokosnøttoffer framfor seg. Kokosnøtta er eit symbol på lukke, velstand og Gud – på sanskrit blir ho kalla sriphala, ‘gudsfrukta’. Ho blir brukt i mange ulike seremoniar, mellom anna ved byrjinga av eit nytt prosjekt, som eit nybygg, ved visse høgtider, eller som offer til ein guddom og seinare prasad, heilag mat til dei truande. Kokosnøtta har òg ein sentral plass i mange podja-seremoniar, der ho gjerne blir sett oppå ei krukke med vatn til den symbolske gjenstanden purnakumbha.Sudheer Birodkar: «Hindu Symbols and Symbolisms - Omkar, Swastika, the Saffron Colour and Purna-kumbha»
Lotusblomen er eit symbol på skaparkraft, guddommeleg venleik og sjela si oppvakning, både gjennom måten blomen veks opp av sølevatn – som ein rein sjel frå den forgjengelege verda – og måten kronblada folder seg ut på, som ein veksande sjel. Han er assosiert med gudane Brahma, Sarasvati, Laksjmi og Visjnu.