Szelidsjøen (ungarsk Szelidi-tó) er ein innsjø i fylket Bács-Kiskun i Ungarn. Han har eit areal på 0,8 km².

Szelidsjøen er ein uvanleg saltsjø danna ut frå ei gamal grein av elva Donau. Han ligg 4 km søraust for Dunapataj. Innsjøen har ei breidd på 200 meter og er 4 km lang. I snitt er han berre 3 meter djup. Dermed vert han raskt varma opp om sommaren og når stundom så høg temperatur som 28 °C. Bortsett frå dei terapeutiske effektane dei medisinske saltane i innsjøen har, vert han nytta til rekreasjon og fiske. Det ligg ein campingplass i nærleiken og ei sandstrand på sørsida.

Kjelde

Denne artikkelen bygger på «Lake Szelid» frå , den 24. september 2007.

Kategori:Innsjøar i Ungarn Kategori:Bács-Kiskun fylke