mini|Borgarfjörður Borgarfjörður er ein fjord vest på Island nær byen Borgarnes. Vatnet i Borgarfjörður ser roleg ut, men fjorden har eigentleg farlege undervasstraumar.

Det ligg mange flate øyar i fjorden, men dei er stort sett ikkje busett.

Nær Borgarnes går hringvegur over ei halv kilometer lang bru.

Området rundt fjorden har vore busett sidan Island vart kolonisert og fleire hendingar i Islendingesogene, som soga om Egil Skallagrimson fann stad her.

Namnet på fjorden ser ut til å ha kome frå garden Borg, som i følgje sogene vart grunnlagd av far til Egil, Skallagrímur, som tok landet rundt fjorden og dermed gav fjorden namnet Borgarfjörður.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Borgarfjörður» frå , den 30. september 2007.

Kategori:Fjordar på Island