mini|Atlanterhavsvegen, Storseisundet bru, Lauvøyfjorden.

Atlanterhavsvegen er eit vegstykke på riksveg 64 på Nordmøre i Møre og Romsdal. Vegen er 8274 meter lang og går frå Vevang i Eide til Kårvåg i Averøy og avløyste 7. juli 1989 ferjesambandet mellom Ørjavik og Tøvik i dei to kommunene. Anlegget består blant anna av åtte bruer på til saman 891 meter og går over ein heil del holmar og skjer. Vegen kosta 122 millionar 1989-kroner og var delvis bompengefinansiert. Bommen blei fjerna i juni 1999.

Traseen vegen følgjer blei opphavleg planlagt for jernbane tidleg på 1900-talet, men den ideen blei skrinlagd for godt i 1935. Planlegging av vegstrekninga kom i gang på 1970-talet. Bygginga starta 1. august 1983.

Atlanterhavsvegen er landets åttande best besøkte naturbaserte turistattraksjon (2004) med 283 500 besøkande. Vegstrekninga er foreslått til nasjonal turistveg.

Århundrets byggverk i Noreg I september 2005 blei Atlanterhavsvegen kåra til Århundrets byggverk 1905–2005.

Bruer på Atlanterhavsvegen frå vest mot aust Vevangstraumen bru, 119 meter – seglingshøgd 10 meter Hulvågen bruer, 3 bruer på til saman 239 meter – seglingshøgd 4 meter Storseisundet bru, 260 meter – seglingshøgd 23 meter Geitøysundet bru, 52 meter – seglingshøgd 6 meter Store Lauvøysund bru, 52 meter – seglingshøgd 3 meter Lille Lauvøysund bru, 115 meter – seglingshøgd 7 meter

Bakgrunnsstoff

Atlanterhavsvegen i fjordnorway.com http://atlanterhavsveien.net Atlanterhavsveien Sjøstuer

Kategori:Vegbruer i Møre og Romsdal Kategori:Vegar i Møre og Romsdal Kategori:Nasjonale turistvegar Kategori:Vegar i Hustadvika Kategori:Vegar i Averøy Kategori:1989 i Noreg Kategori:Skipingar i 1989