Maridalsvannet er den største innsjøen i Oslo kommune, plassert i Maridalen, mellom Nordmarka og Lillomarka. Innsjøen har eit areal på 3,83 km² og ligg 149 moh. Maridalsvannet er ein del av Nordmarksvassdraget, og tømmer vatnet mot sør, til Akerselva.

Vatnet er den viktigaste drikkevasskjelda i Oslo og dekker ca. 80 % av vassforbruket i Oslo. Vatnet vert reinsa i Oset vannrenseanlegg like ved.

miniatyr|venstre|Flyfoto av Maridalsvannet (2015)

Ein av dei største elvane inn til Maridalsvannet kjem frå Skjærsjøen i vest, der noko av vatnet passerer gjennom Hammeren kraftstasjon, det eldste vasskraftverk i landet som framleis er i dagleg drift.

Oktober 2007: Forureina drikkevatn i Oslo Den 17. oktober 2007 vart det gjeve ei offisiell åtvaring mot å drikke vatnet som kom frå Maridalsvannet sidan det var oppdaga giardiaparasittar i drikkevatnet på tre ulike stader i Storo-området. Drikkevatnet kom frå Maridalsvannet, gjennom Oset vannrenseanlegg. 21. oktober vart drikkevatnet i Oslo friskmeldt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Maridalsvannet» frå , den 17. april 2008. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Innsjøar i Oslo Kategori:Maridalen Kategori:Marka i Oslo