Tjörnin (Tjernet på norsk) er eit lite vatn sentralt i Reykjavík på Island. Sjølv om han ikkje er særleg stor er han av dei best kjende i landet.
Dei fleste som kjem til Reykjavík går forbi innsjøen, som ligg i sentrum ved sida av rådhuset Ráðhús Reykjavíkur og fleire museum. Universitetet på Island ligg òg i nærleiken.
Mange tar borna sine med til Tjörnin for å sjå og mate endene, svanene og gjæsene som held til her.
Om vinteren frys som regel innsjøen til, men varmt geotermisk vatn vert pumpa inn for å smelte isen i eit område for fuglane.
Sjå òg Innsjøar på Island
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tjörnin» frå , den 3. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff Panorama
Kategori:Innsjøar på Island Kategori:Reykjavík