300px|right
Amerika er ein verdsdel som strekker seg nesten frå Sør- til Nordpolen. Det grensar mot dei to store verdshava, Stillehavet og Atlanterhavet, og har svært forskjellige landskap, mellom anna svært fruktbare område som regnskogen i Amazonas og Dei store slettene i Nord-Amerika, og nokre av dei karrigaste områda i verda, som Atacama-ørkenen i Chile og Mojave-ørkenen i USA.
Verdsdelen kan delast inn på ulike måtar. På engelsk er det vanleg å snakka om Nord- og Sør-Amerika som to ulike kontinent, ettersom dei har ulikt geologisk opphav. I andre samanhengar skil ein mellom engelsktalande Amerika og Latin-Amerika, det vil seie landa som hovudsakleg bruker romanske språk.
Namnet Amerika kjem mest truleg frå Amerigo Vespucci, eller Americus Vespuccius som han heitte på latin. America er den feminine forma, som svarer til hokjønnsforma alle dei andre verdsdelane hadde. Den første me veit brukte det var den tyske kartografen Martin Waldseemüller, som laga ein globus og eit stort kart der kontinentet hadde dette namnet i 1507.
Innbyggjarar frå kontinentet kan bli kalla amerikanarar, men dette kan òg tyda ein som kjem frå USA, nett som namnet Amerika ofte vert brukt berre om desse amerikanske sambandsstatane.
Land i Amerika Nord-Amerika Canada Grønland (Danmark) Mexico USA/Sambandsstatane
Mellom-Amerika Belize Costa Rica El Salvador Guatemala Honduras Mexico Nicaragua Panama
Sør-Amerika
Argentina Bolivia Brasil det største og folkerikaste landet i Sør-Amerika. Chile Colombia Ecuador Fransk Guyana Guyana Paraguay Peru Surinam Uruguay Venezuela Øystatar i Karibia Anguilla (Storbritannia) Antigua og Barbuda Aruba (Nederland) Barbados Bermuda Cayman-øyane Cuba Dei amerikanske jomfruøyane (USA) Dei britiske jomfruøyane (Storbritannia) Den dominikanske republikken Dominica Grenada Guadeloupe (Frankrike) Haiti Jamaica Martinique (Frankrike) Montserrat (Storbritannia) Navassa Island (USA) Dei nederlandske Antillane (Nederland) Puerto Rico (USA) Saint-Barthélemy (Frankrike) Saint Kitts and Nevis Saint Lucia Saint-Martin (Frankrike) St. Pierre og Miquelon (Frankrike) St. Vincent og Grenadinane Turks- og Caicosøyane (Storbritannia)
Kategori:Verdsdelar * Kategori:Kontinent