mini Donegal Bay (Bá Dhún na nGall på irsk) er ei bukt nordvest på Irland. Tre grevskap – Donegal i nord og vest, Leitrim og Sligo i sør – har kystlinje mot bukta som grensar til Atlanterhavet i vest. Byen Donegal og elva Eske ligg inst i bukta.

Donegal Bay er den største bukta på Irland og her finn ein òg den høgaste klippa i Europa, Slieve League, som er 601 meter høg.

Donegal Bay sine strender er nokre av dei beste surfestrendene i Europa på grunn av at dei får inn bølgjene frå vest og traktforma til bukta, som gjev høge bølgjer og gode surfeforhold. Rossnowlagh og Bundoran vert av surfemiljø i Europa rekna som dei beste surfestrendene på Irland med gode fasilitetar og glimrande vasskvalitet.

Byar ved bukta mini|Stranda Bundoran i Donegal Bay Ballyshannon Bundoran Coolmore Donegal Killybegs Mountcharles Mullaghmore Rossnowlagh Tullaghan

Elvar som munnar ut i bukta Drowes (mellom Bundoran og Tullaghan) Erne (ved Ballyshannon) Elva Eske (ved Donegal Town)

Øyar i bukta Isle of St. Ernan Belle's Isle Rotten Island

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Donegal Bay» frå , den 11. oktober 2007.

Slieve League

Bakgrunnsstoff donegalbay.com Vêrbøye i Donegal Bay

Kategori:Bukter på Irland Kategori:Donegal Kategori:Leitrim Kategori:Sligo