Aughinish (stundom skrive Aughnish; Each Inis på irsk) er ei lita øy nord i County Clare på Irland ved sørkysten av Galway Bay.

Øya var opphavleg ein del av fastlandet, men i 1755 vart området råka av ein tsunami etter eit massivt portugisisk jordskjelv.Extreme wave events in Ireland: 14 680 BP–2012 p. 634 Britane bygde så den noverande vegfyllinga frå County Galway og ut til øya for troppane sine som var utplasserte i martellotårnet på øya. I dag er dette framleis den einaste vegen til øya, så ein må om County Galway for å kome ut til øya.

Øya er om lag 3 km lang og 1,5 km brei frå nord til sør og har om lag 50 innbyggjarar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aughinish» frå , den 13. oktober 2007.

Kategori:Clare Kategori:Irske øyar