Devenish Island (irsk Daimhinis, som tyder «Okseøya») er ei øy i Lough Erne, nord for Enniskillen i County Fermanagh i Nord-Irland. Øya er om lag 2 km lang og 1 km brei.

mini|venstre|Frå Devenish Island

På Devenish finn ein eit av dei flottaste klosterruinane i Nord-Irland. Eit rundtårn frå 1100-talet ligg på øya og ein kan sjå veggar til bedekammeret til heilage Molaise, som grunnla klosteret på 500-talet, langs ei pilegrimsrute til Croagh Patrick i County Mayo. Det vart eit utdanningssenter og sjølv om det vart plyndra av vikingar i 837 og brend i 1157, blømde det seinare då soknekyrkja og eit augustinarkloster låg her.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Devenish Island» frå , den 17. oktober 2007. oppgav desse kjeldene: Kultur i Nord-Irland Enniskillen.com ehsni.gov.uk

Kategori:Øyar i Nord-Irland Kategori:County Fermanagh Kategori:Irske øyar