Lough Ennell er ein innsjø (på engelsk lough) i County Westmeath i Republikken Irland. Han ligg nær byen Mullingar.
Innsjøen er 8 km lang og 3-4 km brei. Lough Ennell er grunn og kjend for det gode aurefiske. Den største auren som er fanga på Irland (11,5 kg) vart fanga her.
Elva Brosna renn gjennom innsjøen. Ho renn ut i Lough Ennell på Mullingar-sida og renn ut på andre sida ved Lilliput. Lilliput i Gullivers Reiser av Jonathan Swift er kalla opp etter dette distriktet.
Sjå òg Innsjøar på Irland
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lough Ennell» frå , den 19. oktober 2007.
Kategori:Westmeath Ennell