Devilsmother er eit fjell på 645 meter over havet i Connemara på grensa mellom County Galway og County Mayo i Republikken Irland.
Devilsmother høyrer til Partryfjella. Det ligg ved Killary Harbour, med utsyn over turstien Western Way.
Namn Fjellet har to namn på irsk: Magairlí an Deamhain, som tyder ‘demonen sine testiklar’, og Binn Gharbh, som tyder ‘ru topp’.Tempan, Paul. Irish Hill and Mountain Names. MountainViews.ie. Dei angliserte namna «Mogarlyandoon» og «Ben Garrif» finst på nokre historiske kart. Det noverande engelske namnet «Devilsmother» kan vera ei eufemistisk omskriving eller kan stamma frå eit anna namn.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Devilsmother» frå , den 2. august 2017.
Kategori:Galway Kategori:Mayo Kategori:Fjell på Irland