Vietnamesisk er det offisielle språket i Vietnam. Det er morsmålet til om lag 87 % av innbyggjarane i landet, i tillegg til rundt to millionar vietnamesarar som har flytta frå landet. I tillegg snakkar minoritetsfolka i Vietnam det som andrespråk.
Vietnamerisk er eit tonespråk og vert rekna som det største språket i den austroasiatiske språkfamilien. Det har mange lånord frå kinesisk og vart tidlegare òg skrive med kinesisk skrift, men gjekk over til å bruka ei omarbeidd utgåve av det latinske alfabetet på 1900-talet.
Kategori:Vietnam Kategori:Austroasiatiske språk Kategori:Einskildspråk