North Channel (skotsk gælisk og irsk Sruth na Maoile, på skotsk gælisk også , ‘grøfta’) er eit sund mellom Nord-Irland og Skottland. Sundet går mellom Irskesjøen i sør og Atlanterhavet i nord.
Sundet byrjar nord for Isle of Man og går inn i Atlanterhavet mot nordvest.2007 annual report Tourism Ireland. Vitja 9. august 2012. Firth of Clyde går over til sundet mellom sørtippen av halvøya Kintyre og Corsewall Point ved Rhins of Galloway. Den djupaste delen av sundet vert kalla Beaufort's Dyke, med ei maksimaldjupne på .
Mange ferjesamband kryssar North Channel. I 1953 var sundet åstad for eit alvorleg skipsforlis då ferja «Princess Victoria» sokk.
Det har lenge vore snakk om å byggje ein tunnel under sundet for å knyte Nord-Irland til resten av Storbritannia. I august 2007 la Centre for Cross Border Studies fram forslag om ein 34 km lang jernbanetunnel under eller bru over sundet med ei kostnadsrame på 3,5 milliardar pund (om lag 33 milliardar kroner).
Sjå òg St. George's Channel
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «North Channel (British Isles)» frå , den 24. oktober 2007.
Kategori:Nordirsk geografi Kategori:Skotsk geografi Kategori:County Antrim Kategori:County Down Kategori:Dumfries and Galloway Kategori:Irskesjøen Kategori:Sund i Storbritannia Kategori:Geografi i Argyll and Bute