Det egoistiske genet (engelsk originaltittel: The Selfish Gene) er den første og mest kjende boka til den britiske evolusjonsbiologen og populærvitskapsforfattaren Richard Dawkins. Ho kom først ut i 1976, men vart ikkje omsett til norsk (bokmål) før i 2002. I boka argumenterer Dawkins for at genet, og ikkje individet eller arten, er den viktigaste eininga i det naturleg utvalet.
Boka vart omstridd, og mange tolka ho som eit forsvar for egoisme og sjølvisk åtferd på individnivå hjå menneske. Dette er likevel ikkje i tråd med korkje kva boka eller Dawkins sjølv hevdar. I intervju har Dawkins sagt at han i ettertid angrar på tittelen, og at han utan noko særleg til endringar godt kunne ha publisert den same teksten som til dømes «The immortal gene» eller «The cooperative gene».
Det er òg i denne boka Dawkins innfører mem-omgrepet.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Richard Dawkins: Det egoistiske genet, Humanist Forlag, Oslo 2002. ISBN 82-90425-56-2 Forord til den norske utgåva av Dag O. Hessen
Kategori:Evolusjon Kategori:Bøker frå 1976 Kategori:Biologibøker Kategori:Richard Dawkins