Monaghan (irsk Muineachán) er ein by i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Monaghan og har nesten 8 000 innbyggjarar inkludert landsbygda rundt.

Historie

Slaget ved Clontibret mellom styrkane til Hugh O'Neill og den engelske krona vart utkjempa nord i Monaghan i mai 1595.

Den 17. mai 1974 omkom sju menneske i ei terroristhandling i byen då ei bilbombe eksploderte i ettermiddagsrushet. Dette var ein av få hendingar i Republikken under The Troubles i Nord-Irland. Tre andre bomber eksploderte same dag i Dublin. Den paramilitære protestantgruppa Ulster Volunteer Force (UVF) tok skulda for åtaket i 1993.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Monaghan» frå , den 27. oktober 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Republikken Irland