Romssa Arena, tidlegare kjend som Alfheim stadion, er eit fotballstadion i Tromsø og heimebana til fotballaget Tromsø IL. Arenaen ligg på sjølve Tromsøya. mini|venstre|Vestsida av Romssa Arena
Fotballbana måler 110 x 70 meter, og var rekna som den største grasbana i Noreg. Det var òg innsydd kunstgras i sjølve grasmatta for å forsterke underlaget. I midten av 2006 blei det lagt kunstgras på heile Alfheim stadion.
På austsida av arenaen er det oppført eit nytt forretningsbygg som blant anna inneheld klubbhus, møterom og kurs- og konferanselokale. Publikumsrekorden er 10 225 frå ein kamp mot Rosenborg i 1990. Det er vurdert å bygge ut kortsidene på Romssa, ettersom dei for augneblinken ligg under standarden i tilhøve til resten av anlegget.
Arenaen hadde til 29. mars 2023 namnet Alfheim Stadion før namnet blei endra til Romssa Arena. Romssa er nordsamisk for Tromsø.
Kjelder
Kategori:Idrett i Tromsø Kategori:Byggverk i Tromsø Kategori:Fotballstadion i Troms Kategori:Tromsø Idrettslag