Henrik Anker Bjerregaard (), fødd på Ringsaker, var ein norsk forfattar og journalist, og ein sentral person innan norsk litteratur i generasjonen før Welhaven og Wergeland. Dei mest kjende verka hans er «Sønner av Norge», som til ein melodi av Christian Blom i ein periode vart nytta som Noreg sin nasjonalsong, og syngjespelet Fjeldeventyret med musikk av Waldemar Thrane.

Bjerregaard var påverka av romantikken, og norsk bygdeliv var eit viktig emne for litteraturen hans. Han freista grunnlegga ein norsk dramatisk litteratur, og la med det grunnen for forfattarar som kom etter.

I 1830 blei han høgsterettsdommar, og forfattarskapen hans tok slutt. Han har fått ei gate i Oslo oppkalla etter seg, Bjerregaards gate, og ei gate i Bergen, Bjerregårds gate.

Verk Fjeldeventyret (1820) - syngjespel Clara, eller Uskyldighedens Magt (1827) - skodespel Blandede Digtninger, 2 bd. (1829-1830) Magnus Barfods Sönner (1830) - skodespel Krydsbetjenten (1848) - vaudeville

Bakgrunnsstoff Bøker av Henrik Anker Bjerregaard digitaliserte hjå Nasjonalbiblioteket Om «Et Fjeldeventyr»

Kategori:Forfattarar frå Hedmark Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske juristar Kategori:Norske høgsterettsdommarar Kategori:Folk frå Ringsaker Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund