Campotostosjøen er eit vassreservoar i Abruzzo i Italia. Reservoaret ligg i ei høgd på 1 313 meter over havet og dekkjer eit område på 14 km².
Området var opphavleg ei stor torvmyr, som vart nytta som energikjelde for lokal småindustri fram til byrjinga av 1900-talet. Capotostosjøen vart danna i 1930-åra då det vart bygd tre demningar på elva Fucino. Reservoaret gjev vatn til vasskraftverket i Vomanodalen.
Om vinteren frys innsjøen til og om hausten kjem mange til område for å nyte dei vakre fargane i den omliggande skogen.
Området rundt Campotostosjøen er ein del av eit naturreservat med lokale artar av bøk og piletre. Av dyreliv finn ein grevling, fasan og rev.
Byar ved innsjøen Campotosto Mascioni Poggio Cancelli
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lake Campotosto» frå , den 19. november 2007.
Kategori:Innsjøar i Italia