Falterona er eit fjell i Dei nordlege Appenninane i Italia med ei høgd på 1 654 meter over havet. Det er ein del av nasjonalparken Parco nazionale delle Foreste Casentinesi.

Grensa mellom provinsane Firenze, Arezzo og Forlì-Cesena går langs toppen.

Fjellet, som hovudsakleg består av sandstein, er dekt av bøk og på den eine sida finn ein kjelda til elva Arno (ved den såkalla Capo d'Arno).

I aust ligg det eit søkk i terrenget med restane av ein innsjø. Her er det funne fleire etruskiske statuar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Monte Falterona» frå , den 13. november 2007.

Kategori:Appenninane Kategori:Fjell i Italia