Piz Roseg er eit fjell i Berninafjella i Sveits med ei høgd på 3 937 meter over havet. Det er to toppar på hovudryggen. Den søraustlegaste er den høgaste, medan den nordvestlege toppen, kalla Schneekuppe er 3 920 m. Det finst òg ein topp på nordaustryggen kalla Roseg Pitschen på 3 868 m.

Schneekuppe vart først klatra av F. T. Bircham med guidane Peter Jenny og Alexander Fleury 31. august 1863. Det høgaste punktet på fjellet vart klatra to år seinare av Adolphus Moore og Horace Walker med fjellføraren Jakob Anderegg den 28. juni 1865.

Piz Roseg grensar til Piz Scerscen som ligg på andre sida av Porta da Roseg (3 522 m), som òg vert kalla Güssfeldtsattel.

Galleri

Kjelder

Collomb, Robin, Bernina Alps, Goring: West Col Productions, 1988

Bakgrunnsstoff Piz Roseg på SummitPost

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Engadin Roseg Kategori:Fjell i Graubünden