mini|upright|Hussein Kamel, sultan av Egypt 1914-1917. Sultan (arabisk سلطان) er ein islamsk tittel med mange historiske tydingar. Opphavleg var det eit arabisk abstrakt substantiv som tydde «styrkje», «autoritet» eller «leiarskap», avleia frå det arabiske masdar سلطة sulṭah, som betyr «autoritet» eller «kraft». Seinare blei tittelen brukt av muslimske herskarar som hevda full suverenitet utan at dei gjorde krav på den altomfattande kalif-tittelen. Tittelen blei også brukt om mektige guvernørar i kalifatet. Ut frå dette blei også ein del andre tydingar avleia.

Dynasti og land som sultanane regjerte over vert kalla sultanat (arabisk سلطنة).

I dag er tittelen lite i bruk, men i tidlegare tider finn vi mange sultanat i den muslimske verda.

Muslimsk monarkisk tittel under sjarialovgjeving

Tittelen ber med seg stor religiøs autoritet og moralsk styrke sidan regenten si rolle var fastslått i Koranen. Sultanen var likevel ikkje ein religiøs lærer eller lærd. I Det bysantinske riket og i delar av austleg ortodoks kristendom, var det ei liknande samanblanding av stat og kyrkje som blei kalla caesaropapisme.

Den første som tok tittelen «sultan» var Mahmud av Ghazni (regjerte frå 998 til 1030 i Sentral- og Sør-Asia). Seinare blei tittelen brukt av dei seljuktyrkiske regentane, herskarane i Det osmanske riket, ayyubide-herskarane og mamelukkane som regjerte i Egypt. Det var «skugge-kalifatet» i Egypt som gav tittelen «sultan» til Murad I (den tredje herskaren av Det osmanske riket) i 1383. Herskarane før han nytta tittelen bey eller emir.

I seinare tider blei tittelen teke i bruk av mindre herskarar, som til dømes kongane av Marokko. I dag er det berre sultanen av Oman, sultanen av Brunei, og nokre titulære leiarar i det sørlege Filippinane og Malaysia som brukar tittelen.

Historiske sultanar og sultanat

Midtausten & Sentral-Asia Ghaznavide-sultanatet Seljuktyrkiske sultanar Seljuk-sultanatet av Rüm Det osmanske dynastiet, leiarar av det osmanske riket Ayyubid-sultanar av Damaskus (i Syria) i dagens Jemen, diverse små sultanat i det tidlegare britiske Aden-protektoratet og Den sørarabiske føderasjonen: Sultanata Audhali, Fadhli, Haushabi, Kathiri, Sultanatet av Lahej, Aulaqi, Yafa, Mahra, Qu'aiti, Subeihi, Aulaqi, Yafa, og Wahidi i dagens Saudi-Arabia: Sultanar av Nejd Sultanar av Hijaz

Nord-Afrika Ayyubide-sultanane av Egypt Mamelukk-sultanatet i Egypt Sultanatet av Tunggurt i Marokko

Aust-Afrika Tittelen Sultan Sultanatet av Komorane Nordsomaliske sultanat Angoshe på kysten av Mosambik

Maliki Dette var eit alternativt innfødd namn (truleg kjem det av Malik som tyder konge på arabisk) av sultanane av Kilwa i Tanganyika, den kontinentale delen av dagens Tanzania.

Mfalume Dette er Swahili-tittelen på diverse innfødde muslimske leiarar. Oftast blir det gjort om til sultan i arabisk og dei fleste vestlege språk: i Kenya: Pate-øya Witu i Tanganyika, av Hadimu på øya med same namn.

Sultani Dette var den innfødde herskaren sin tittel i staten Uhehe i det noverande Tanzania.

Søraust-Asia Sultanatet av Malacca, Malaysia Sultanatet av Johor, Perak og Terengganu, Malaysia Sultanatet av Aceh, eitt av mange i Indonesia Sultanatet av Maguindanao, Filippinane Sultanatet av Ternete, Indonesia Sultanatet av Tidore, Indonesia Sultanatet av Mataram, øya Java, Indonesia Sultanatet of Sulu, Filippinane

Sør-Asia Bahmani-sultanatet Sultanatet Bengal Sultanat i Deccan: Berar, Bidar, Bijapur, Golconda, Ahmednagar Delhi-sultanatet Sultanatet av Gujarat Sultanatet av Jaunpur Sultanatet av Kandesh Maldivane-sultanatet Sultanatet av Malwa Sultanatet av Mysore

Nåverande sultanar og sultanat Brunei Indonesia - Sultanen av Yogyakarta er guvernør for området Malaysia - Sju av ni herskarar over malaystatane kallast sultanar Oman, ein arabisk nasjon, tidlegare sultanatet av Muscat og Oman Filippinane - Sultanatet av Sulu

Aristokratiske titlar I Det osmanske dynastisystemet brukte dei mannlege etterkommarane av sultanen tittelen nesten som det vestlege prins: Daulatlu Najabatlu Shahzada Sultan (gjeve namn) Hazretleri Effendi. For den direkte ervingen var tittelen: Daulatlu Najabatlu Vali Ahad-i-Sultanat' (gjeve namn) Effendi Hazlatlari. Direkte omsett kan vi seie: Kronprinsen av sultanatet.

Sønene av prinsesser var ekskluderte som etterfølgjarar i det osmanske imperiet og fekk tittelen Sultanzada (personnamn) Bey-Effendi.

Militær rang I mange av statane som dukka opp etter kalifatet var det eit føydalt militært hierarki som brukte prinsetitlar som Khan, Malik, Amir som rangtitlar.

I det persiske imperiet var tittelen sultan nesten det same som den vestlege graden Kaptein, den femte i rang.

Sjå også

Emir Bey Kalif Khan Sjah

Kategori:Islam Kategori:Muslimske titlar Kategori:Militære gradar