Calore Irpino eller Calore Beneventano er ei elv sørvest i Italia. Ho har utspring i Monte Cervialto (1 809 m) i fjella Monti Picentini i Appenninane. Elva startar frå provinsen Avellino og renn så inn i Benevento, før ho munnar ut i elva Volturno. I antikken vart elva kalla Calor.
8. mai 663 var elva åstad for eit slag mellom ein del av hæren den austromerske keisaren Konstans II, som hadde invadert den lombardiske hertugen av Benevento, og hæren til kong Grimoald under leiing av Mitola, greve av Capua, og Grimoald sin son Romuald. Den austromerske hæren tapte slaget.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Calore Irpino» frå , den 19. november 2007.
Kategori:Campania Kategori:Elvar i Italia