Grethe Kausland, fødd Nilsen, () var ein norsk songar, skodespelar og revyartist frå Horten i Vestfold.

Biografi

Ho blei landskjend allereie som barn under artistnamnet «lille Grethe». Som åtteåring gjorde ho sin første plateinnspeling på bakgrunn av ein radiooverført amatørkonkurranse. Songen var «Teddyen min», som selde i over 100.000 eksemplar. Songen «Cowboyhelten» («Einar, du er min aller beste venn!») er også blant hennar mest kjende. Innan ho fylte tolv hadde ho spelt inn 12 grammofonplater.

Ho hadde i mange år eit nært samarbeid med revygruppa Dizzie Tunes og spelte inn fleire spelefilmar og TV-seriar. Ho hadde hovudrolla i Ivo Caprino sin første spelefilm «Ugler i mosen» frå 1959 og spelte òg i enkelte av dei danske familiefilmane om Far til fire.

I 1972 representerte Kausland Noreg i den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix med songen «Småting» saman med Benny Borg. Ho fekk prisen for beste kvinnelege artist under Spellemannprisen 1978 for albumet A Taste of.... Ho vann også Leonardstatuetten i 1991.

I februar 2006 blei Kausland operert for lungekreft.Kausland operert for kreft i VG (17. februar 2006) «Hele Norges «lille Grethe» - Grethe Kausland (58) - ble operert for lungekreft sist uke.» Dette blei slått opp på VG si førsteside den 17. februar 2006, og ho gjekk til sak mot VG. Grete Kausland fekk medhald i forliksrådet og blei tilkjend 320 000 norske kroner i erstatning. Grethe tilkjent 320 000 i Se og Hør (14. september 2006) «I Forliksrådet er avisen VG dømt til å betale rekordhøye 320 000 kroner i oppreisning til den folkekjære show-artisten Grethe Kausland (59). […] På et førstesideoppslag 17. februar skrev avisen om Grethes kreftsykdom mot hennes og familiens ønske. Grethe følte seg krenket og krevde et oppreisningsbeløp på 650 000 i forliksrådet.» Saka blei avslutta ved at partane inngjekk forlik rett før saka skulle opp for Oslo tingrett.VG kjøper seg fri i NA24 «Meningen var at Kausland og VG skulle møtes i Oslo Tingrett torsdag etter at avisen anket en kjennelse fra forliksrådet tidligere i måneden. Nå unngår partene rettsmøtet etter å ha inngått forlik.»

Sommaren 2007 skulle Grethe Kausland sette opp kabareten «KAUSPAUS» saman med Ole Paus. Men førestillinga måtte avlysast på grunn av kreftsjukdommen. Hausten same år blei førestillinga igjen avlyst etter at sjukdommen forverra seg.

16. november 2007 døydde Kausland av kreft, berre 60 år gammal. Ho etterlét seg to vaksne barn.

Roller i filmar og TV-seriar 1957: Far til fire og Onkel Sofus - Lille Grete (Danmark) 1957: Selv om de er små - Brit Helle 1957: Smuglere i smoking - Lille Grethe 1958: Far til fire og ulveungerne - Lille Grete (Danmark) 1959: Ugler i Mosen - Maren 1975: Tut og kjør - Malla 1979: Vi spillopper 1994: Over stork og stein - Astrid 1996: D'ække bare, bare Bernt - Vera Branteberg 1998: Karl & Co - Fru Frantsen 1998: Solan, Ludvig og Gurin med reverompa - Solan Gundersen 1999: Jul i Blåfjell - Mamsen 2002: Jul på Månetoppen - Mamsen 2005: Brødrene Dal og mysteriet med Karl XIIs gamasjer - Professor Bodil Surkle-Fæhrt

Referansar

Bakgrunnsstoff Grethe Kausland hjå imdb Biografi frå «Norsk pop- og rockleksikon» Diskografi Forsøk på komplett diskografi

Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Folk frå Horten Kategori:Norske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix-vinnarar Kategori:Melodi Grand Prix 1972-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 1972-deltakarar