Orco (piemontesisk Eva d'òr) er ei elv i Piemonte i Italia. Elva har utspring ved brean i Gran Paradiso og etter om lag 100 km munnar ho ut i Po nær Chivasso. Nedslagsfeltet hennar inneheld eit av dei viktigaste vasskraftsystema i Piemonte og består av fem reservoar: Agnel, Serrù, Ceresole, Piantonetto og Valsoera.

Orco er kjend for å innehalde gull, som det vart vaska etter alt i antikken. Sjølv i dag er det ein viss aktivitet på amatør nivå i leiting etter gull.

Kjelder

Kategori:Po Kategori:Elvar i Italia Kategori:Piemonte