Tera (symbol T) er eit SI-prefiks i SI-systemet som står for 1012 eller 1 000 000 000 000.

Det vart teke inn i systemet i 1960. Tera kjem frå gresk τέρας, som tyder monster.

I EDB kan tera stå for 1 099 511 627 776 (10244 eller 240), i staden for 1 000 000 000 000. Spesielt når det er i bruk som eit prefiks til byte, det vil seie terabyte, er denne tydinga vanleg.

Elles er nemninga vanleg bruka om terawatt og terawattime.

Kjelder Justervesenet

Kategori:SI-prefiks