mini|Kart over øvre Orinoco som syner Casiquiarekanalen mellom Orinoco og Amazonaselva, basert på observasjonar av Alexander von Humboldt i 1799.

Ein bifurkasjon, gaffeldeling, er i geografisk tyding ei forgreining av ei vasskjelde til to eller fleire elver. Det førekjem i to omstende: når ei ny elv bryt ut og forlèt hovudelvelaupet, som når Tärendöelva i Sverige bryt ut frå Torneelva og endar i Kalixelva nær Junosuando eller når Casiquiarekanalen i Venezuela bryt ut frå Orinoco og endar i Rio Negro når ein innsjø eller eit myrområde har meir enn eitt utlaup, som i dømet Lesjaskogsvatnet som er kjelde til Rauma og til Gudbrandsdalslågen.

Kjelder

Aschehoug og Gyldendals Store norske leksikon, 4. utgåve, 2005-07

Kategori:Hydrologi