Provinsen Potenza (italiensk Provincia di Potenza) er ein provins i regionen Basilicata i Italia. Hovudstaden er byen Potenza. Han har eit areal på 6 545 km² og totalt 392 218 innbyggjarar (2005). Det er 100 kommunar i provinsen.
I 272 fvt. vart provinsen erobra av romarane. og dei kalla Basilicata Lucania. På 1000-talet vart området ein del av Hertugdømet Puglia då området var styrt av normannarar, og frå 1200-talet vart det ein del av Kongedømet Napoli. I røynda vart derimot Potenza styrt av ein lokal krigsherre. I 1861 vart provinsen ein del av Italia.
Regionen har gjennom tidene vorte råka av mange jordskjelv og ligg framleis i eit seismisk aktivt område. Byen Potenza er bygd mellom to dalar og vart nesten heilt gjenoppbygd etter eit kraftig jordskelv i 1857. Så etter mange jordskjelv og store øydeleggingar under den andre verdskrigen har området mista mange av dei historiske bygningane sine. Dette gjev inntrykk av ein region med moderne betongbygningar.
Største kommunane Dei største kommunane i provinsen er (innbyggjartal frå 2005): KommuneFolketalPotenza68 789Melfi17 173Lauria13 663Lavello13 635Rionero in Vulture13 443Venosa12 143Avigliano12 033Senise7 227Tito6 682Sant'Arcangelo6 531Picerno6 194Genzano di Lucania6 128Muro Lucano5 983Lagonegro5 980Pignola5 851Bella5 366Maratea5 270Palazzo San Gervasio5 115Marsicovetere5 063Latronico5 063
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Province of Potenza» frå , den 5. desember 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Basilicata