mini|Portrett av dogen Giovanni Mocenigo. Gentile Bellini, 1480.

Doge (uttalt [], «dådsje») var tittelen til statsoverhovuda i republikkane Venezia og Genova. Det var dogar i Venezia frå 697 til 1797. Genova tok etter venetiansk modell tittelen i bruk frå 1339 til 1805.

Tittelen er avleidd frå det latinske dux, 'leiar', som i den romerske republikken var ei nemning på den øvste militære leiaren i ein grenseprovins.

Dogen vart vald på livstid, mellom kandidatar frå dei rikaste og mektigaste familiane, men vart aldri ein arveleg tittel.

Sjå òg Dogar av Venezia Dogar av Genova Dogar av Amalfi

Kjelder

Kategori:Italiensk historie Kategori:Adelstitlar Kategori:Italienske ord og uttrykk