Ole Jacob Broch () var ein norsk matematikar, fysikar, sosialøkonom og politikar.

Han var fødd i Fredrikstad som son av og offiseren og stortingsmannen Johan Jørgen Broch og døydde i Sèvres i Frankrike som direktør for Det internasjonale byrået for mål og vekt.

Etter å ha studert matematikk , mekanikk og fysikk fekk han i 1842 eit dosentur ved Universitetet i Kristiania, året etter var han med å starte Nissens Latin- og Realskole . I 1847 disputerte han for doktorgraden; han var då den første i Noreg som brukte morsmålet ved ein doktordisputas. Avhandlinga var om «Lovene for Lysets Forplantelse i isofane og eenaksig krystalliserede Legemer» (1847).

I 1858 vart han professor i matematikk, 1859- 60 var han representant for Kristiania på Stortinget. Frå 1869 til 1872 var han statsråd og sjef for Marine- og postdepartementet. Han var dessutan engasjert på mange andre samfunnsområde; han var med å stifte Noregs første forretningsbank og eit livsforsikringsselskap der han vart direktør, han var Noregs første jernbanedirektør før han seint i livet vart engasjert i mål og vekt. Han ivra for å ta i bruk det desimaloppbygde metersystemet som var så enkelt at ein kunne lære det på nokre minutt. Han spelte ein sentral rolle då meterkonvensjonen vart utforma, og vart den første direktøren for Det internasjonale byrået for mål og vekt i Frankrike.

Broch vart utnemnd til ridder av St. Olavs Orden allereie i 1855, forfremja til kommandør i 1866 og fekk storkrossen i 1879.

I 1936 fekk Ole Jacob Brochs gate i Oslo namn etter han.

Bakgrunnsstoff Aftenposten: Mål, vekt og norsk selvstendighet Gunnar Christie Wasberg og Karen Mathilde Haugland: utdjupande artikkel om Broch på snl.no, med informasjon om St. Olavs Orden.

Kategori:Norske matematikarar Kategori:Folk frå Fredrikstad Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norske statsrådar 1814-1884 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Matematikarar på 1800-talet Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund