Provinsen Napoli (italiensk Provincia di Napoli) er ein provins i regionen Campania i Italia. Hovudstaden er byen Napoli og det er 92 kommunar i provinsen.
Demografi Provinsen Napoli er den provinsen med høgast folketettleik i Italia. I følgje det statlege statistikkbyrået i Italia låg dei seks kommunane med høgast folketettleik (Portici, Casavatore, San Giorgio a Cremano, Melito di Napoli, Napoli og Arzano) i provinsen, og det same gjorde 11 av dei 15 øvste. Han har eit areal på 1 171 km² og totalt 3 092 859 innbyggjarar (2005).
Største kommunarInnbyggjararNapoli983 797 Giugliano in Campania 108 492Torre del Greco 88 540Pozzuoli 82 503Casoria 81 871Castellammare di Stabia 65 794Afragola 63 483Marano di Napoli 58 978Portici 57 062Ercolano 55 310
Turisme mini|venstre|Capri. Området er ein stort turistdestinasjon i Italia med mange særs kjende turistattraksjonar. Pompeii, den utgravde romerske byen som vart gravlagd av Vesuv i år 79 er av dei mest populære i Italia.
Dei tre øyane Ischia, Procida og Capri i Napolibukta er òg kjende destinasjonar. På Capri finn ein den kjende blå grotta.
Sorrentinahalvøya (og byen Sorrento) har lenge ver ein stor turistdestinasjon og er mellom anna kjend for drikken Limoncello og dei lukseriøse klippene ved havet med villaer, slott, vakttårn , kyrkjer og i Vico Equense gamle gardshus.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Province of Napoli» frå , den 10. desember 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Campania