Provinsen Cremona (italiensk Provincia di Cremona) er ein provins i regionen Lombardia i Italia. Hovudstaden er byen Cremona. Han har eit areal på 1 771 km² og totalt 352 242 innbyggjarar i 2021. Det er 115 kommunar i provinsen.
Elva Po, som er den lengste elva i Italia, er ei naturleg grense til provinsen Piacenza, medan elva Oglio dannar grensa til provinsen Brescia.
Provinsen dekkjer dei sentrale områda av Posletta, så heile provinsen er flat utan fjell eller åsar, og vert kryssa av fleire elvar, som Serio og Adda, og kunstige kanalar, som hovudsakleg vert nytta til kunstig vatning.
Største kommunar Dei største kommunane i provinsen er (tal frå 2005): KommuneInnbyggjararCremona71 413Crema33 471Casalmaggiore14 278Castelleone9 090Soresina8 977Pandino8 409Soncino7 487Rivolta d'Adda7 324Pizzighettone6 802Spino d'Adda6 495Offanengo5 832Castelverde5 130
Økonomi og kultur Hovudnæringa i Cremona er jordbruk (hovudsakleg mais, lokalt kalla Melegot, og bygg, men òg soyabønner og sukkerroer). Industrien er forholdsvis utvikla, hovudsakleg i nord nær Crema, der ein finn fabrikkar som produserer tekstilar, kjemikaliar og maskineri.
Byen Cremona og det omliggande området er begge kjend for matspesialitetar som nugatt (it. torrone) og sennep.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Province of Cremona» frå , den 11. desember 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Lombardia Kategori:Provinsar i Italia