Provinsen Belluno (italiensk Provincia di Belluno) er ein provins i regionen Veneto i Italia. Hovudstaden er byen Belluno. Han har eit areal på 3 678 km² og totalt 209 550 innbyggjarar i 2004. Det er 69 kommunar i provinsen.
KommuneInnbyggjararBelluno36 112Feltre20 122Sedico9 174Ponte nelle Alpi8 180Santa Giustina6 517Mel6 288Cortina d'Ampezzo6 216Limana4 670Trichiana4 604Pedavena4 435Agordo4 225Longarone4 114Cesiomaggiore4 096Pieve di Cadore4 017
Geografi Provinsen Belluno er heller vid og er nesten heilt dekt av fjellområde. I dei austlege områda ligg Dolomittane, inkludert dei kjende massiva Tofane, Marmolada og Tre Cime di Lavaredo. Provinsen er vassrik og av elvar finn ein Piave og sideelvane hennar Boite og Cordevole.
I sør ligg Valbelluna, den breiaste og mest folkesette dalen i provinsen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Province of Belluno» frå , den 15. desember 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Veneto