Kornkråke (Corvus frugilegus) er ein fugl i kråkefamilien.

mini|venstre|Flygande kornkråke. Kornkråka lever i store delar av Europa og Asia. Fuglen hekkar i heile Danmark og Skåne. I Noreg er fuglen observert i dei fleste fylke, men hekkar berre i Mjøstraktene, Rogaland og ved Trondheim.

Kornkråka hekkar i koloniar i treklynger. Ho byggjer reir frå midten av mars. Fuglen legg frå 1 til 6 egg. Rugetida er 17-18 dagar.

Kjelder Eyvin Røskaft, 1994, Corvus frugilegus – kornkråke, S. 448 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu. Henta 4. desember 2021

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kråkefamilien Kategori:Fuglar i Noreg