Viareggio er ein by i provinsen Lucca i regionen Toscana i Italia med om lag 60 000 innbyggjarar.
Han ligg ved kysten av Tyrrenhavet i området kalla Versilia og er den nest største byen i provinsen.
Han er kjend som ein feriestad og for karnevalet i Viareggio (som har ei historie tilbake til 1873).
Byen har røter tilbake til første halvdel av 1500-talet då han vart den einaste hamna i Republikken Lucca. Den eldste bygningen i Viareggio er Torre Matilde og vart bygd av folk frå Lucca i 1541 som eit forsvarsverk mot sjørøvarar.
Viareggio er eit aktivt industri- og produksjonssenter der skipsbyggarindustrien lenge har vore kjend over heile verda. I tillegg er fiske og blomsterdyrking viktige næringar.
Det har lenge vore rivalisering mellom Viareggio og Lucca og innbyggjarane i Lucca kallar Viareggio for Marina di Lucca («Hamna til Lucca»). På den andre sida har innbyggjarane i Viareggio skrive songar som gjer narr av naboane sine i Lucca.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Viareggio» frå , den 9. januar 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Toscana Kategori:Byar i Italia